Me borar brønnar for vassforsyning til hytter, bustadhus, gardar og industri. Det er fleire typar vassbrønnar, det vanlegaste er loddrett brønn på 60-90 meter. Om du har behov for større vassmagasin kan me bore 120-150m. Typografien kan tilsei at ein vil krysse fleire vassårer ved skåboring. Kva slags brønn som er aktuell for kvar einskild kjem an på korleis terrenget og grunnforholda er der brønnen skal borast. Me ynskjer saman med kunden å finne fram til kor mykje vatn ein har behov for. Dette vil variere noko i frå kunde til kunde. Eit gardsbruk i full drift har kanskje bruk for 5 gonger så mykje vatn som ein einebustad. Me talfestar kapasiteten som brønnen skal ha i kontrakten vår, og me stoppar ikkje før dette er oppnådd.